Suldal Hyttebygg har tilsett teiknar/teknikar

På grunn av aukande aktivitet har Suldal hyttebygg tilsett eigen teiknar/teknikar, Bjørn Kristian Hoftun.

Bjørn Kristian Hoftun byrja arbeidskarriera si i Suldal Hyttebygg AS i 2007. Den gong på utplassering gjennom byggfaglinja på Sauda Vidaregåande Skule avdeling Sand. Etter endt skulegong i 2008 fekk han læreplass i bedrifta. Blant anna som ein følgje av dyktige læremeistrar i Lars Christian Benninghoff og Sverre Vik, fekk han sveinebrev i 2010. Påfølgjande år fekk Bjørn Kristian ansvar for sitt eige tømrarlag og vart bas. Han jobba med montering av Hedda-hytter og oppføring av boligar i to år til før han i 2013 valde å flytte til Stavanger for å skulere seg. Han byrja på studiespesialiserande for å skaffe seg studiekompetanse før han fann ut at å ta teknisk fagskule var løysningen for han. Då kunne han byggje vidare på fagkunnskapane han hadde opparbeidd seg gjennom åra som tømrar. Han gjekk to år på Stavanger Offshore Tekniske Skole på bygglinja og fekk tittelen fagteknikar. Denne skulegongen, i samband med yrkeserfaringa, tilfredsstiller kriteria for å søke om meisterbrev. I august 2016 fekk Bjørn Kristian søknaden sin innvilga og kan nå tittulerast Byggmeister!

Det er viktig med god fagkunnskap, og kombinasjonen teoretisk utdanning og den praksis Bjørn Kristian har opparbeida seg, vart han tilsett som teknikar/teiknar fra 20. juni -16.  Nå skal han bl.a. teikne og prosjektere Hedda hyttene som vert levert frå Suldal.

GRATULERAR!

mms_img1808823737 (002)

 

Mesterbrev

NY VISNINGSHYTTE I STAVANGER

SULDAL HYTTEBYGG har nå produsert og levert Hedda-hytter i Rogaland og på Sørlandet siden januar 2004. For å gjøre det lettere for sine kunder å oppleve Hedda har de nå satt opp en flott visningshytte rett ved siden av Travbanen på Forus i Stavanger. Grunnmodellen den er bygget over er LH som har hevet midtparti. Den er fire moduler bred og 12 moduler lang, altså en LH412.

HEDDA HYTTER – ÅRETS VALDRESAMBASSADØR 2017

På Valdres sin næringslivskonferanse mandag 24.april, ble Hedda Hytter utnevnt til årets Valdresambassadør. Det er første gangen denne utnevnelsen går til en bedrift.

Arven utvikles videre med Hedvig: TRADISJON OG FORNYELSE

De siste 30 årene har Hedda Hytter AS hatt tradisjon for å levere skreddersydde Hedda-hytter av høy håndtverksmessig kvalitet. Hedvig er et nytt og spennende alternativ som føyer seg inn i denne tradisjonen.